Som nevnt i et tidligere innlegg på hjemmesiden, har Geirr og fruen emigrert til Spania i vinterhalvåret. I den forbindelse fikk Geirr muligheten til å delta i sin første utenlands turnering, og det i en alder av 76 år og 8 måneder. Imponerende! Geirr har skrevet noen ord om opplevelsen og turneringa.
Trivelig turnering – Reisebrev fra Geirr
III Open Internacional de Ajedrez var ei nirunders seniorturnering som gjekk føre seg i Altea (litt utafor Benidorm) frå 8. til 16. november. Det var to spelegrupper, inndelt etter alder. I eldste gruppe, 65+, var vi 99 påmelde. Det var inga klasseinndeling, deltakarane hadde rating frå 2300-talet til 1400. Sjølv var eg rangert som nr 84.

Dei fleste budde på spelarhotellet. Dette inkluderte også 60 frå Spania, dei fleste tilreisande. På mange måtar den sjakkspelande middelklassen som unnte seg ei ferieveke med sjakk og sol. Arrangøren stilte med mange sidearrangement for deltakarar og ektefeller, lynsjakken vart arrangert som sightseeingtur frå hotellet til ein landsby i nærleiken. Sjølv måtte eg melda avbod, då eg ikkje budde på hotellet, men reiste til og frå med lokalbussen.
Eg trudde likevel eg skulle få glede av vinsmakinga som var lagt til fredag, fire timar før partistart(!). Og det blei eit halvpoeng mot ein sterkare motstandar.
Kleskoden var som heime, låg Armani-faktor. Unntaket var ei velkledd herre på 82, som stilte i matchande bukse, dressjakke og sko, samt vest og slips. Men det var style over turneringa: Turneringsleiaren (director) og domarane (chief arbiter og assistant arbiter) stilte i bukse med press, jakke og slips. Som turnering gjekk det veldig skikkelig for seg, godt gjennomført.

I det trivelige miljøet – folk var tydelig ute etter å ha ein fin ferie med sjakk – kan ein lura på seriøsiteten. Den mangla det ikkje noko på. Ved brettet rådde det djupaste alvor, du måtte slita for kvart poeng. Dei to første rundene var seeda, der gjekk eg rett ned. Dei siste sju partia var mot folk innafor rekkevidde. Eg bør vel vera nøgd med 50%, skulle nok tatt litt meir etter spel og sjansar, men slik er det.

Turneringa var ei fin oppleveing, både trivselsmessig og sjakklig. Yngste gruppe var for 50+. Med andre ord er det etter kvart fleire ungdommar som veks til i Sortland sjakklubb og kvalifiserer til deltaking.
Kanskje vi blir fleire til neste år?
Geirr Alén Rasmussen
Aktuelle lenker:

